Sider

torsdag 28. oktober 2010

Departementet vil ha sterkare styring av fastlegane

Vil ha sterkare styring av fastlegane
I forslaget til ny kommunal helse- og omsorgslov tek HOD blant anna til orde for sterkare kommunal styring av fastlegane ved å tydeleggjere dette ansvaret i ein revidert fastlegeforskrift. Legeforeininga er imot dette og tek til orde for å fortsetje trepartsamarbeidet mellom arbeidsgivarorganisasjonen KS, staten og Legeforeningen.
Dette samarbeidt mellom partane, både sentralt og lokalt i den einskilde kommunen, er nøkkelen til framleis suksess for fastlegeordninga, seier president Torunn Janbu til Dagens Medisin.
Regjeringa med statsministeren, helse- og omsorgsministeren og kommunal- og regionalministeren i spissen presenterte i førre veke forslag til to nye helselover og eit internettbasert diskusjonsgrunnlag for ein ny nasjonal helse- og omsorgplan. Desse tiltaka, som no er gjenstand for ein høyringsrunde med frist 18. januar 2011, er blant fleire som skal hjelpe til å få fart i samhandlinga mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
Etter lanseringa av dei nye tiltaka gav helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen uttrykk overfor Dagens Medisin at fastlegeordninga er ei suksess, og at kommunane er avhengig av fastlegane - og at dei er viktige medspelarar som gjer ein god jobb.
Janbu uttalte også at det er behov for sterkare styring frå kommunane si side. - Kommunane må ta i bruk den styringsretten dei allereie har, hevda ho og viste til den eine dagen i veka som legane har avsett til folkehelsearbeid. I forslaget sitt til ny kommunal helse- og omsorgslov> går ho og departementet enda lengre. I høyringsdokumentet bruker departementet fleire sider på å argumentere for sterkare kommunal styring av fastlegane. Det er blant inntrykket til anna departement at fastlegeordninga er ei ordning av privat art, frikopla frå kommunal styring.
Departementet meiner derfor det er viktig å understreke at det er kommunen, ikkje den einskilde fastlegen, som har det overordna ansvaret for at innbyggjarane i kommunen blir tilbodne fastlegetenester i tråd med nasjonale føresetnader.
Dersom Stortinget i neste omgang sluttar seg til forslaget til ny kommunal helse- og omsorgslov, vil Strøm-Erichsen derfor tydeleggjere dette ansvaret i ein revidert fastlegeføreskrift. Der vil departementet også gjere det klart at fastlegetenesta er eit offentleg og kommunalt forankra tenestetilbod.
I dag blir fastlegeordninga regulert gjennom «Rammeavtale mellom Kommunenes Sentralforbund (KS) og Den norske legeforeining om allmennlegepraksis i fastlegeordninga i kommunane», med ei tilsvarande ordning i Oslo kommune.
Ei revidert fastlegeforskrift vil etter departementet redusere risikoen for at nasjonale krav ikkje blir godt nok vektlagt av avtalepartane i dagens ordning. Torunn Janbu og Legeforeningen har eit heilt anna syn på dette:
Det vil ikkje vere eit klokt greip å erstatte dagens avtale med sterkare kommunal styring, som vi fryktar vil resultere i variasjonar mellom kommunane. Fastlegeordninga er nasjonalt styrt i dag, gjennom lov, forskrift og avtaler. I dag er dette den helsetenesta som er mest lik over heile landa, seier legepresident Torunn Janbu.
Korleis vil Legeforeningen forhalde seg til dette forslaget?
Vi er i god kontakt med KS og departementet for å drøfte gode alternativ, og vi vil ha ein omfattande høyringsrunde i Legeforeningen, svarer Janbu.
Ho meiner det er ei dårleg løysing å gjere vesentlege endringar for ei teneste som publikum er svært fornøgd med. Etter synet hennar er det ikkje tilfeldig at fastlegeordninga fungerer så godt. Gjennom forsøkskommunar og stadige justeringar av forbetringspunkta har KS, kommunane, staten og Legeforeningens lokale og sentrale representantar frå 1993 etablert ei velfungerande teneste, peikar presidenten, som meiner det er viktig å byggje opp under det som fungerer.
Departementet skriv i dokumentet at manglande høve til å styre fastlegane, kan vere eit hinder for god samhandling og samordning både innover, i kommunane sin heilskaplege helse- og omsorgstilbod, og mellom kommunar og sjukehus.
Ved å tydeleggjere det kommunale ansvaret for fastlegane, ønskjer departementet å gjere det lettare for kommune å sjå fastlegefunksjonen i samanheng med sine andre tenestetilbod.
Det er heilt feil at fastlegane er til hinder for samhandling, fastslår Janbu, og viser til dei gode erfaringane sidan fastlegeordninga formelt blei innført i 2001.
Presidenten til legeforeininga fastslår at det er stort behov for atskilleg fleire fastlegg. - I dag har fastlegane fleire oppgåver enn dei kan makte, seier ho, og understrekar at fastlegane kostnadsmessig er ein rimeleg del av helsetenesta.
Korleis kan ein oppnå god samhandling utan sterkare kommunal styring av legane?
Kommunen har i dag eit ansvar for å etablere eit Lokalt Samarbeidsutvalg med representantar for fastlegane. Legeforeininga har nett gjort ei undersøking i fleire kommunar som viser at partane er godt fornøgd med korleis dei kan få løyst utfordringar og samhandla gjennom dette, svarer ho.
Legeforeininga meiner at utvala, også det avtalefesta Allmennlegeutvalget, må nyttast godt i alle kommunar.
Å tru at samhandling blir betre lokalt av å forskriftsfeste, har Janbu inga tru på. Samhandling i små og store kommunar handlar om at ein kjem saman for å løyse problem, og då er utvikling av samarbeidsutvala ein mykje sikrare veg å gå, svarer Torunn Janbu.
I høyringsdokumentet på nesten 500 sider får fastlegane og fastlegeordninga også mykje ros og stønad: Blant anna heiter det at fastlegereforma har vore vellukka på mange område. Derfor vil departementet vidareføre dei grunnleggjande strukturane som fastlegeordninga byggjer på, og vil også fastsetje funksjons- og kvalitetskrav for fastlegetenesta.
Torunn Janbu er einig med departementet i at reforma er vellukka. Ho er glad for at departementet vil stille krav til kvaliteten på tenesta, og ho viser til behovet for å ta opp igjen prosjektet «Sentrale Data frå Allmennlegetjenesten» (SEDA).
Vi er også fornøgde med at departementet fastslår at fastlegeordninga har kome for å bli, og at den skal vere ei nasjonal ordning. I lovutkastet har vi også lagt merke til fastlegane skal ha ei tydeleg rolle i den kommunale helse- og omsorgstenesta, seier Torunn Janbu, som minner om at høyringsdokumentet berre er eit utkast for diskusjon.
FFO Telemark ser at her er ein lang veg å gå. Viktigast for ein føring er samtaler for dei beste løysningar. Der er dei som gjer seg bruk av tensetene den beste kvalitetssikrar for ei betre samhandling.