Sider

lørdag 2. mai 2015

Samhandling, ikkje berre handling...

Samhandling er et forholdsvis nytt ord og blir ofte nytta om koordinering og å få gjennomført aktivitetar i ein prosess. Ingen enkeltperson har totalansvaret for prosessen, det er saman med de andre dette skal gjennomførast i et samarbeid mellom dei som er involverte.
I skolen er IKT kome for å bli. Og det vil og bety at det utviklas nye og betre løysningar for samhandling mellom elev og lærar, mellom lærar og føresatte og elevar seg imellom. Eit av desse verktøya er PREZI. Du kan gjerne samanlikne Prezi med PowerPiont, men det er litt enklare å bruke og byr kanskje på ein meir kreativ måte å fange merksemda på?
 
NettjenesteI motsetning til de vanlege programbaserte programmene er Prezi i utgangspunktet ei nettteneste. Det finns og eit skrivebordsprogram, men det er kanskje onlinetenesten er mest spennande. Fordel med det er at man slepp å installere noko lokalt på maskinen, noko du må med de vanligaste programma som f.eks, Power Point. Likevel er det eit ekstra arbeid at man må registrere seg for å bruke Prezi, spesielt med tanke på om du skal starte med dette med ei klasse eller, at du skal samhandle med andre.